farfar reklamebyrå as

Farfar Reklamebyrå as


Farfar er namnet, uløyseleg knytta til årelang røynsle frå media- og kommunikasjonsbransjen,
i Bergen såvel som Stavanger. Tre modne menn, med eit brennande engasjement for menneske og for fag. Grå stenk i barten til trass – her svingar den kreative skaparkrafta til tider som eit gallisk coctailparty, etablerer samrør med natur, land og folk.

Farfar er eit kreativt fundert byrå, som du skjønar. Og filosofien er enkel: Folk som trivs godt i lag har lettare for å få til bra ting. Eit betre utgangspunkt for å skapa engasjerande kommunikasjon, finns ikkje. Me arbeider med heilskapeleg kommunikasjon, uavhengig av plattformar.
Og me er opptekne av å snakka enkelt og forståeleg. Her får du alt. Bank i bordet.

Tida er inne for å høyra litt meir på farfar.
Han kan og veit meir enn du skulle tru. Og han er like trufast som den finaste hunden du kan tenkje deg.

DETTE KAN FARFAR GJERA FOR DEG?

Annonser

Når du vil profilera deg, informera, skapa liv og røre, bråka, trigga, selja,
få fatt i nye folk. Og så vidare. Det er mange grunnar til å annonsera. Og
berre så det er sagt, avisannonsar virkar framleis. Ekstra virkningsfullt vert
det i kombinasjon med annonsering på den digitale arena. Poenget er at
bodskapen din engasjerer og treffer målgruppene heima. At det fører til
handling. Ta kontakt med oss og få ting til skje.

Visuell identitet

Logo, det grafiske uttrykket, form og farge, slagord, måten å snakka på, billedbruk.
Firmaet sin identitet, eller varemerke om du vil. Alt heng saman med alt.
Det er berre å utfordra oss. Er du nystarta med blanke ark,
kan me tilby ein såkalla etablerarpakke med alt det du treng for
å byggja din eigen merkevare. Kom igjen!

Brosjyrer

Trykt materiell lever i beste velgåande. Skam for den som trudde noko anna.
Så lenge den har kraft til å appellera og engasjera, er brosjyren eit fantastisk virkemiddel.
Du hive ikkje ein god brosjyre. Du tek vare på han, plukkar han fram ved høve.
Fordi du blir klokare. Fordi du vert inspirert. Det er slik me tenkjer.
Og det er slik me over alt anna vil at brosjyrene skal fungera.
Det er berre å tinga tid for eit møte saman med oss.

Nettsider

Klart me lagar nettsider. Det gjer me for brorparten av kundane våre.
Og me holder liv i dei, oppgraderer med aktualitetar og nyhende.
Det er ein del av kvardagen vår det.
Hos Farfar brukar me god tid saman med kundane våre rundt desse prosessane,
finn den beste vegen for å skapa det uttrykket som gjer at dei får den nettsida
som berre er deira og ingen annans. I all hovudsak nytter me
WordPress som er eit av verdas mest anvendelege web publiseringsløysingar.
Det inneber større fleksibilitet for kundane våre,
med tilgang til eit hav av moglegheiter, til ein fornuftig pris.
Skal me setje oss ned og snakka samen om dine moglegheiter? Ta kontakt.

Messestands

Me tek oss av alt – heilt fra idéstadiet til utvikling, produksjon,
montering, nedrigging og retur av materiell. Heile sulamitten.
Treng du bistand med slikt arbeid, tek du kontakt.

Merkevarebygging
 
Alt det me gjer er knytta til merkevarebyggjing, forankra i ein strategisk
kommunikasjonsplattform som er gjennomarbeida i nært samarbeid med våre kunder.
Poenget er å finna særeigenheitene, alt det som gjer godt å identifisera seg
med, skapa gjenkenningskraft og symbolverdi. Ingen ting er tilfeldig. Målet er
å leggje grunnlaget for auka kundetilfredsheit, lojalitet og langsiktig
lønsomheit. Det er kortversjonen. Vil du ha den lange, tek du kontakt.

Markedsplan

Markedsplanen hjelper deg til å få oversikt over dine markedsaktivitetar gjennom året.
Kva arenaer du skal vera på, når og korleis, og med ynskja effekt. Ein plan på alt. For ei lukke!
Det er berre å opna opp vindauga og koma seg ut.
Under tida skal me halda deg under armane og hjelpa deg med å tene pengar.
Hiv deg rundt!

Strategisk rådgivning

Har du hundre ballar i lufta og tykkjer det er vanskeleg å finna den raude tråden,
prioritera rekkefølgen på viktige oppgåver? Treng du hjelp til å finne den mest lønsame vegen?
Nåja, me har vore ute ei vinternatt før. Me har lang fartstid på strategisk arbeid og rådgjeving.
Me skal såvisst få deg på sporet og leie deg på riktig veg, det kan du vera viss på.
Me kan ta ein heilt uforpliktande prat om det ein dag det passar seg slik. Ta telefonen!

Brosjyrer
Annonser
Visuell identitet
Nettsider
Messestands
Merkevarebygging
Markedsplan
Strategisk rådgivning