Charles Lunde

Grafisk designer

Charles kan skilta med eksamen frå Kunsthøgskulen i Bergen. Han er eit oppkomme av visuelle idear og har vore ein god mann for reklamebransjen som kreativ leiar og designer gjennom 25 år. Dei siste 10 åra har han livnært seg som kunstnar og som visuell kunstlærar i Kulturskulen i Vaksdal. I blodet er han nordlending, men etter 40 år mellom dei velsigna fjella våre, er han vaksdøling meir enn nokon andre. Desse kvinnfolka, veit du.

charles@farfar.online
+47 934 61 350

Jostein Vasstveit

Film- og videokreatør

Jostein kom rekande frå Stavangerkanten og nordover til Vaksdal for 30 år sidan. Kvinnfolk, sjølvsagt. Men Jostein har klart seg bra veit du, både som utdanna pedagog, far og farfar. Han har framleis ein fot i skulen og er opphavet til prosjektet Dalekunst, mynta på ungdom. Saman med Charles har dei klart å skapa seg eit velklingande omdøme langt utover kommunegrensene. No er han ei viktig brikke for Farfar sine kreative og luftige svev med dronefly.

jostein@farfar.online
+47 474 14 089

Leiv Magnus Grøtte

Tekstforfatter

Leiv er utdanna lærar, men kjem til oss med 30 års erfaring frå reklamebransjen i Stavanger. Som tekstforfattar har han ein eigen evne til å trollbinda i stilsikre og varme vendingar. Han er idérik og uredd, vert det hevda. Sjølv meiner han at folk er for mykje prega av altfor mange hemningar og for få revestreker.  Det kompenserer han stadig vekk med å utfordra det meste og opererer bortimot utan filter. For ordens skuld, så var det sjølvsagt kvinnfolk som også fekk han til å letta frå det urbane livet i byen.

leiv@farfar.online
+47 400 69 366